Hans Pedersen Rustand
norsk politikar
Hans Pedersen Rustand (20. mai 1843–23. juli 1922) var ein norsk gardbrukar og tømmerhandlar frå Øvre Eiker i Buskerud. Han var stortingsmann for Samlingspartiet i perioden 1906-09.
Hans Pedersen Rustand | |||
| |||
Fødd | 20. mai 1843 Fiskum | ||
---|---|---|---|
Død | 23. juli 1922 (79 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde, trelasthandlar | ||
Alle verv |
|
Rustand tok over farsgarden i 1871 og dreiv garden til 1907. Han var 1866-74 assistent og 1879-86 formann i ei trelastforretning. Åra 1887-92 var han tømmerhandlar på eigen kostnad. I tida 1878-1907 var han i 25 år medlem i heradsstyret, 17 av desse åra som medlem i formannskapet og 9 som ordførar. Han var frå 1883 styreformann og 1896 banksjef i den lokale sparebanken. Frå hausten 1906 representerte Rustand einmannskrinsen Numedal på Stortinget. Fram til 1909 var han medlem i Landbrukskomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914