Øvre Eiker kommune
Øvre Eiker er ein kommune i Buskerud i Viken fylke. Saman med Nedre Eiker, som no er innlemma i Drammen kommune, er han ein del av landskapet Eiker. Hokksund er kommunesenter og heimen til rundt halvparten av innbyggjarane i kommunen; andre bur i tettstadene Vestfossen, Skotselv, Ormåsen og Darbu.
Øvre Eiker kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Adm.senter | Hokksund | ||
Areal | 457 km² | ||
- land | 421 km² | ||
- vatn | 36 km² | ||
Folketal | 20 495 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Knut Kvale (Sp) | ||
Kommunenr. | 3048 | ||
![]() Øvre Eiker | |||
Wikimedia Commons: Øvre Eiker | |||
Nettstad: www.ovre-eiker.kommune.no | |||
TusenårsstadEndra
Tusenårsstaden til Øvre Eiker ligg i Hokksund, på austsida av Drammenselva, på den gamle sorenskrivartomta mellom «Hokksund Båt og Camping» og brua. Staden blei offisielt opna i juni 2005 samtidig med ei stor markering av hundreårsjubileet for unionsoppløysinga. Det er mellom anna sett opp ein eigen skulpturpark her der alle skular i kommunen har laga kvar sin skulptur. På tusenårsstaden er det òg eit museum om Nøstetangen glassverk og eit glasblåseri som har teke opp igjen arva frå det opphavlege glasverket.
Kjende personar frå Øvre EikerEndra
- Per Olaf Lundteigen, politikar
- Tore Tvedt, leiar i Vigrid
- Arne Nævra, naturfotograf
BileteEndra
Haug kyrkje på Hokksund har vore hovudkyrkje i Eiker frå gamalt av.
Sorenskrivargarden på Hokksund er museum for Nøstetangen glassverk