Hans Rustad (fødd 13. desember 1950) er ein norsk journalist, forleggjar og føredragshaldar. Han er kjent som grunnleggjar og redaktør for den konservative nettavisa Document.no.

Hans Rustad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. desember 1950 (73 år)
Nannestad kommune
Yrke journalist, redaktør
Språk norsk
Medlem av Norsk Redaktørforening
Religion katolisisme

Rustad har tidlegare arbeidd som redaksjonsassistent i Verdens Gang og som journalist i Morgenbladet og Norsk Telegrambyrå. Som ung var han aktiv i Sosialistisk Ungdomsforbund.[1] I 1985 leverte han hovudfagsoppgåva i historie ved Universitetet i Oslo om utføringa av og responsen på Holocaust.[2] I 1990 starta Rustad opp sitt eige forlag, Document forlag, og driv framleis som forleggjar. Forlaget har utgjeve fleire bøker innan politisk filosofi.

Document.no, som Rustad i dag er redaktør for, har vakse mykje i lesartal dei seinare åra. I 2019 opplyste nettstaden å ha over 400 000 ulike besøksadresser.[3] I 2018 vart Rustad medlem i Norsk Redaktørforening.[4]

Kjelder

endre
  1. «Disse tre kontroversielle redaktørene er enige om én ting: Norge er ute å kjøre». Stavanger Aftenblad. 9. september 2017. Henta 14. august 2019. 
  2. Rustad, Hans (1. januar 1985). «The holocaust: execution & response : an appraisal». HRustad. Henta 14. august 2019. 
  3. «430.000 brukere – 40.000 følgere på Facebook». Document. 11. februar 2019. Henta 14. august 2019. 
  4. «Document.no-redaktøren får være med i Redaktørforeningen». Nettavisen. 8. juni 2018. Henta 14. august 2019.