Hans Tostrup (20. oktober 179927. januar 1856) var ein norsk embetsmann og politikar, fødd i Hjelmeland. Forretningsmannen Christopher Tostrup og gullsmeden Jacob Tostrup var hans yngre brør.

Hans Tostrup
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. oktober 1799
Død

27. januar 1856 (56 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Torstrup var son til ein infanterikaptein og byrja sjølv som landkadett. Grunna svakt syn gav han opp det militære. Etter å ha arbeidd ei tid på kontoret til sorenskrivaren i Ryfylke var han kopist i Kyrkjedepartementet frå 1825, frå 1829 fullmektig i same. Han vart cand.jur. i 1830 og var 1832-36 tilsett som sekretær ved universitetet i Christiania. Dei neste sju åra hadde han stilling ved Fredriksvern verft. År 1843 vart han konstituert til amtmann i Jarlsberg og Larviks amt. Frå 1844 til 1852 var han amtmann i Nordre Bergenhus og så 1852-54 amtmann i Kristians amt.

I 1848 var Tostrup 3. representant for Nordre Bergenhus amt på Stortinget. På tinget var han sekretær i gasjekomiteen og formann i den særleg oppnemnde justiskomite nr 3.

Tostrup tok avskjed som amtmann i 1854 og busette seg i hovudstaden. Der døydde han nesten blind, knapt to år etter han fekk avskjed i nåde.

Kjelder endre