Harøy Idrettslag

Harøy Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Harøya i Sandøy kommune i Møre og Romsdal. Idrettslaget vart skipa 11. februar 1911 og har om lag 300 medlemer. Harøy IL er aktivt med i aerobic, fotball og volleyball. Laga spelar i marineblå drakter.

Romsdalslaget Harøy IL melde seg inn i Sunnmøre Fotballkrins på 1970-talet, då avstandane mot aktuelle motstandarlag på Sunnmøre var meir overkomelege enn mot lag frå delar av Nordmøre. I 1970-80-åra heldt Harøy-laget seg jamnast i 5. divisjon, med gjestedeltaking i 4. divisjon. Frå 1990-åra har fotballaget oftast spelt på nivå seks.

Kjelder endre