Harøya
Harøya er den største og mest folkerike øya i tidlegare Sandøy kommune, no innanfor Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Steinshamn som var administrasjonssenter i Sandøy ligg på Harøya. Her finst det matbutikk, post, bank, pub, kiosk, frisør, brukskunst, tannlege, lege og helsestasjon.
Harøya | |
---|---|
Harøya Foto: Øystein H. Brekke
| |
Geografi | |
Stad | Romsdal |
Koordinatar | 62°45′30″N 06°27′53″E / 62.75833°N 6.46472°E
|
Areal | 13,6 km²
|
Høgaste punkt | Harøyburet (156 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal |
Største busetnad | Steinshamn (429 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 946 (2024) |
Folketettleik | 70 /km² |
Øya har eit areal på 13,6 km² og om lag 1100 innbyggjarar. Det høgaste punktet på øya er Harøyburet på 156 meter over havet. Aust for øya ligg Harøyfjorden, som er kalla opp etter øya. På sørsida ligg Fjørtoftfjorden og øya Fjørtoft. Harøya har ferjesamband til Fjørtoft og vidare inn til Brattvåg på fastlandet. I nord går det molo ut til Finnøya.
Før 1867 var øya delt mellom Aukra kommune (størstedelen, i nord) og Haram kommune (i sør). I 1867 vart norddelen ein del av den nye kommunen Sandøy. I 1965 vart sørdelen av øya overført frå Haram til Sandøy, og i 2020 vart Sandøy innlemma i Ålesund kommune.
Folketalsutvikling
endre1801[1][2] | 1900[3][4] | 2000[5] | 2024[5] |
---|---|---|---|
235 | 589 | 1100 | 946 |
- ↑ Folketeljing 1801 for Aukra prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1801 for Haram prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Sandøy herred, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Haram herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 5,0 5,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå