Harald Cramér
svensk matematikar
Carl Harald Cramér (25. september 1893–5. oktober 1985) var ein svensk matematikar og forsikringsmann.
Harald Cramér | |||
| |||
Fødd | Carl Harald Cramér 25. september 1893 Stockholm, Hedvig Eleonora församling | ||
---|---|---|---|
Død | 5. oktober 1985 Oscar församling, Stockholm | ||
Nasjonalitet | Sverige | ||
Område | sannsynsrekning, matematikk, statistikk, matematisk statistikk | ||
Yrke | matematikar, aktuar, universitetslærar, statistikar | ||
Institusjonar | Stockholms universitet | ||
Alma mater | Stockholms universitet | ||
Doktorgradsrettleiar | Marcel Riesz | ||
Barn | Tomas Cramér, Kim Cramér | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences Institute of Mathematical Statistics |
Han var professor i forsikringsmatematikk og statistikk ved Stockholms Högskola frå 1928 til 1950 og rektor ved skulen frå 1950 til 1958. Frå 1958 til 1961 var han universitetskanslar. Han har òg vore aktuar ved svenske livsforsikringsselskap. Produksjonen hans omfattar reint matematiske arbeid i den analytiske tallteorien, så vel som aktuarvitskap og statistikk. Han har skrive fleire lærebøker, mellom anna Sannolikhetskalkylen (1926) og Mathematical Methods of Statistics (1945).
Kjelder
endre«Harald_Cramér» i Store norske leksikon, snl.no.