Harald III av Noreg

norsk konge 1040–1066
(Omdirigert frå Harald III)

Harald III Hardråde (101525. september 1066) var norsk konge frå 1045 til 1066.[1] Han var son til småkongen Sigurd Syr og Åsta Gudbrandsdotter. Difor er han også kjend som Harald Sigurdsson.

Harald III

Regjeringstid10451066
NorrøntHaraldr Harðráði
Føddca. 1015
FødestadRingerike kommune
Død25. september 1066
DødsstadStamford Bridge
GravstadTrondheim, Helgeseter kloster
Gift medTora Torbergsdotter, Ellisiv av Kyiv
DynastiHardrådeætta
FarSigurd Syr
MorÅsta Gudbrandsdotter
BornIngegjerd Haraldsdatter, Maria Haraldsdatter, Magnus II av Noreg, Olav III av Noreg

Harald var halvbror til Olav den heilage (same mor) og truleg sonesons soneson til kong Harald Hårfagre. Etter slaget ved Stiklestad i 1030 måtte han flykta frå landet. Deretter slo han seg ned i Holmgard (dagens Novgorod) som gjest av kong Jaroslav.[2]

Fyrst var Harald Hardråde konge saman med Magnus den gode. Frå 1047 var han einekonge. Han var konge til 1066 då han fall i slaget ved Stamford bru. Harald Hardråde vert rekna som grunnleggjar av Oslo by. Grunnlegginga skal ha skjedd om lag år 1050.

I Heimskringla av islendingen Snorre Sturlason kan ein lesa soga om Harald Hardråde og om andre norske kongar.

I kulturen

endre

Jan Ove Ekeberg gav ut romanen Den siste vikingkongen. Djevelens rytter i 2018.[3]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Harald III av Noreg