Helgeseter kloster

Helgeseter kloster, Elgeseter kloster eller berre Helgeseter var eit augustinarkloster som låg der bydelen Elgeseter i Trondheim er idag. Ingen synlege spor av klosteret er tilbake, men restane finst i grunnen mellom eigedomane Klostergata 47 og 60–62.

Dagens Klostergata og staden der Helgeseter kloster tidlegare låg. Klosteret var plassert i dagens Klostergata nr. 47 frå venstre side av gata mot nr. 60 og 62 til høgre.

Namnet endre

Både namna Elgeseter og Helgeseter vert brukt. Elgeseter er det opphavlege, frå norrønt Elgisetr. Første ledd er elg eller elgi-, noko mellom andre filologen Magnus Olsen meiner tyder heilaggdom (gotisk alhs), ein stad for gammal kultus. Då garden i Strinda vart plass for kloster og kyrkje, fekk namnet ofte skriftforma Helgasetr, men det fortrengde ikkje den gamle forma.[1]

Historie endre

Klosteret vart grunnlagt av erkebiskop Øystein, seinast i 1183. Klostret var anlagt nær Nidarosdomen (på skrå på den annan sidan av Nidelva, og ved ei bru som førte over elva), noko som gjorde det lettare for augustinarane å oppfylla den oppgåva som fleire av dei hadde: å utgjera ein stor del av korherrene ved domkyrkja.

Kong Harald Hardråde er gravlagt på Elgeseter. Kongen vart først gravlagt i Mariakirken i Trondheim, men då denne vart riven på slutten av 1100-talet, vart leivningane hans ført til Elgeseter, og han ligg enno i bakken under Klostergata 47.[2]

Den første skriftlege kjelda som omtalar klosteret er Sverres saga. Det vert først fortalt i sagaen om at kong Sverre var innom klosteret i 1183 i samband med kampane mot kong Magnus Erlingsson. Før eit slag mot Magnus gav Sverre gåver til fleire kyrkjelege institusjonar i Trondheim for å få hell, blant anna til Elgeseter. Klostret vert igjen omtalt rundt 1200, i samband med kampane mellom Sverre og birkebeinarane mot baglarane. Her vert fortalt det at biskop Nikolas Arnesson, baglarhøvding og motstandar av Sverre, tvinga prioren og kannikane på Elgeseter til å kjempa på baglaranes side mot Sverre, elles ville Nikolas brenna klostret.

Hertug Skule Bårdsson vart drepen utanfor klosteret i mai 1240. Han vart først angripen i Nidaros av birkebeinarane, under leiing av Åsulv Eiriksson frå Austrått i Ørland, men rømde, og etter eit par dagar drog han til klosteret. Birkebeinarane sette fyr på klosteret, Skule måtte rømma ut, og vart så hogge til daude. Sonen til Skule, Peter, vart òg drepeN her.

Kong Hans stadfesta i den gamle statusen til 1510 klosteret som gridstad.

Klostret vart nedlagt ved Reformasjonen i Danmark-Noreg (1537), og bygningane brann ned i 1564. Den gamle prioren budde i klosteret fram til 1546, då superintendenten (dåverande ord for ein luthersk biskop) for bispedømmet Nidaros flytta inn.

Etter 1606 vart klosteret nytta som steinbrot for erkebispegården og Vår Frue kyrkje i Trondheim. Det finst i dag ingen synlege leivningar etter klostret, men fundamenter er lokalisert i grunnen.

Utgravning og lokalisering endre

 
Planteikning av Helgeseter kloster.

Klosteret vart først undersøkt i 1820 av L.D. Kluwer. Han kunne konstatera at alle bygningsrestar enno låg under bakken. I 1866-67 vart det grave i ruinane, men først under arbeida i 1892 vart restane dokumenterte av W. Bergstrøm. I 1915, 1925, 1928 og i 1952 vart det funne restar under bygningsarbeid, som vart forholdsvis dårleg dokumentet. Det finst ei teikning av ruinane frå 1773, laga av Gerhard Schøning. Ut or teikninga og det vesle som er dokumentert frå utgravinger, kan ein slutta følgjande: Kyrkjegarden har som vanleg lege nord og austom klosterkyrkja. Dei øvrige klosterbygningane ser ut til å ha lege på sørsida, det vil seia under bygningen og gardsplassen til Klostergata 47.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Elgeseter kloster», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 18. september 2016 
  2. Om grava til Harald Hardråde i Klostergata, https://www.nrk.no/trondelag/hardrade-far-ligge-i-fred-1.1210808

Litteratur endre

  • Håkon Håkonssons saga, omsett av Alexander Bugge. I.M. Stenersens Forlag, Kristiania 1914
  • Sverres saga, omsett av Alexander Bugge. I.M. Stenersens Forlag, Kristiania 1914

Bakgrunnsstoff endre