Jan Ove Ekeberg

norsk forfattar og journalist

Jan Ove Ekeberg (fødd 17. februar 1954) er ein norsk journalist og forfattar frå Lillestrøm.

Jan Ove Ekegerg

Jan Ove Ekeberg
Foto: John Andresen/Juritzen forlag
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. februar 1954 (70 år)
Lillestrøm
Yrke Journalist, forfattar
Periode 1996-

Ekeberg er utdanna Master of Political Science i USA og arbeider i TV2.[1]

Han har skrive både sakprosa og skjønnlitteratur. I sverdets tid er til dømes ein romanserie i tre band (I sverdets tid, Kongedrapene og Helligdommen) frå den norske borgarkrigstida på 1100- og 1200-talet. Serien startar medan Sverre Sigurdsson er konge, og går fram til kong Håkon IV. Hovudpersonen er Sigurd Lavard, som er ein av kongens fremste menn. Mange historiske personar opptrer i serien.

Bøker endre

  • 1996 – Statsministeren : makten og mennesket – Biografi, skriven saman med Per-Arne Bjerke
  • 2000 – Et liv i isen : polarkokken Adolf H. Lindstrøm – Biografi
  • 2001 – Kong Carl : en uautorisert biografi om Carl I. Hagen – Biografi, skriven saman med Jan Arild Snoen
  • 2004 – Gjør din plikt, krev din rett – Biografi, skriven saman med Yngve Hågensen
  • 2009 – Norway : past, present, future
  • 2011 – Kongedrapene – Roman
  • 2013 – Helligdommen – Roman
  • 2013 – De røde bjørnene
  • 2014 – Den barmhjertige terroristen – Kriminalroman

Kjelder endre

  1. «Jan Ove Ekeberg». Nettstaden til Juritzen Forlag. Henta 10. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff endre