Harald Løbak

norsk politikar
(Omdirigert frå Harald Johan Løbak)

Harald Johan Løbak (2. juni 19046. februar 1985) var ein småbrukar, kontorist og politikar frå Trysil. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i 28 år og landbruksminister 1956-60.

Harald Løbak
Ordfører i Trysil Harald Løbak.jpg
Fødd2. juni 1904
Trysil
Død6. februar 1985
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Liv og gjerningEndra

Løbak arbeidde i jord- og skogbruk frå 1926 til han i 1936 vart tilsett på kontoret til Trysil kommune. Han var medlem av Trysil heradsstyre frå 1928 til 1955, ordførar 1938-40 og 1945-55. Frå 1940 var han formannskapssekretær i Trysil og i 1941 leiar av forsynsyningsnemnda i heradet. I 1943 flykta han til Sverige, der han fekk arbeid på pressekontoret yil den norske legasjonen i Stockholm. Frå 1944 gjekk han inn i dei norske polititroppane i Sverige.

Løbak vart vald inn på Stortinget hausten 1945 som representant frå Hedmark og Arbeidarpartiet. Han vart attvald seks gongar og hadde såleis sete på Stortinget til 1. oktober 1973. I tida frå 14. mai 1956 til 23. april 1960 var han statsråd i Landbruksdepartementet.

På Stortinget var Løbak medlem 1945-56 av Sosialkomiteen, som sekretær 1950-53 og nestformann 1954-56. 1960-61 var han med i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Frå hausten 1961 var han med i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, berre kalla Industrikomiteen frå haustsesjonen 1967, til dess han forlet Stortinget i 1973. Elles var han medlem i Valkomiteen 1945-56 og 1961-73, samt Fullmaktskomiteen 1950-56. Han var ei tid formann i Stortinget si fråhaldsgruppe.

KjelderEndra