Opna hovudmenyen

Harald Martin Brattbakk

norsk fotballspelar

Harald Martin Brattbakk (fødd 1. februar 1971) i Trondheim) er ein norsk fotballspelar. Frå 1. august 2005 speler han spiss på Bodø/Glimt. Mest fartstid har han likevel frå Rosenborg.

Harald Martin Brattbakk
Fødd 1. februar 1971
Trondheim
Yrke fotballspelar, flygar

Med 161 mål pr. 12. juni 2005, var Brattbakk den spelaren som hadde skåra flest mål i den norske toppdivisjonen i fotball gjennom tidene. Det tok likevel lengre tid enn dei fleste hadde venta før han klarte denne bragda. I 2004-sesongen sleit han og måtte finne seg i å dele topplassen (159 mål) med Petter Belsvik ut sesongen. Brattbakk inntok endeleg trona aleine 29. mai 2005 på eit straffespark (som han sjølv laga) borte mot Odd Grenland. Men den 29. mai 2011 mista Brattbakk rekorden til Sigurd Rushfeldt (Tromsø Idrettslag), som med sitt hat-trick mot Brann skreiv seg inn i historiebøkene.

På Rosenborg har Brattbakk spelt til saman 10 sesongar. Elles har han spelt for Kolstad, Bodø/Glimt, Glasgow Celtic og FC København.

BakgrunnsstoffEndra