Harald Meltzer
Harald Meltzer (7. mars 1814–27. juli 1862) var ein embetsmann og forfattar frå Bergen. Frederik Meltzer var far hans.
Harald Meltzer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. mars 1814 |
Død | |
Yrke | jurist, skribent |
Far | Fredrik Meltzer |
Meltzer var embetsmann i departement og i politietaten i Christiania. Gjennom sine år i politiet i hovudstaden opplevde han mange ulike tilburdar. Desse var grunnlaget for verket Smaabilleder af Folkelivet som kom ut i to små band same året som han døydde av tyfus. Dei humoristiske folkelivsskildringane er forma i ein stil som minner om Peter Christen Asbjørnsen «og må enno reknast som levande litteratur». Af H. Meltzer efterladte Papirer kom ut i 1873.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958
- Norsk Biografisk leksikon