Harald Wedel-Jarlsberg
Harald Wedel-Jarlsberg (10. februar 1811–4. januar 1897) var ein norsk godseigar og politikar frå Aker i dåverande Akershus amt. Herman Wedel-Jarlsberg var far hans.
Harald Wedel-Jarlsberg | |
![]() Harald Wedel-Jarlsberg måla av Asta Nørregaard. Måleri frå 1914 etter eit foto frå rundt 1870. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. februar 1811 Vækerø |
Død | |
Yrke | proprietær, politikar |
Språk | norsk |
Far | Herman Wedel-Jarlsberg |
Mor | Karen Wedel-Jarlsberg |
Ektefelle | Elise Frederikke Butenschøn |
Harald Wedel-Jarlsberg på Commons |
Harald Wedel-Jarlsberg var offiser i marinen frå 1832 til han tok avskjed som premierløytnant i 1846. Frå 1837 var han styrar av Bærum jarnverk og budde der sidan. I 1840 fekk han styringa over samtlege godseigedomar etter far sin, som døydde det året. Han vart eigar av desse eigedomane i 1853, med unnatak for storgarden Bogstad og det tidlegare Jarlsberg grevskap. Med sine vidstrakte skogeigedomar dreiv han stor skogsdrift og trelastforedling, særleg etter at drifta ved jarnverket vart nedlagt i 1872.
Wedel-Jarlsberg var i mange år medlem av heradsstyret i Bærum og ordførar. Han var medlem av to kongelege kommisjonar, 1853 og 1865, som såg på drifta av Kongsberg sølvverk. Både i 1862-63 og 1865-66 representerte han Akershus amt på Stortinget, og elles på omframtstortinget 1864. Han var i 1862-63 medlem av næringskomite nr 2 og av komiteen om skoglova og matrikkellova. I 1864 var han med i komiteen som arbeidde med seinkinga av innsjøen Øyeren, og i 1865-66 medlem av Lagtinget og næringskomite nr 2.
Han var leiar av Norges Vel i perioden 1882-87.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, side 939-940. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Harald Wedel-Jarlsberg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv