Harald Wergeland
- Denne artikkelen handlar om fysikaren. For offiseren, oldefar hans, sjå Harald Nicolai Storm Wergeland.
Harald Wergeland (fødd 14. mars 1912 på Norderhov, død 5. januar 1987 på Eidsvoll)[1] var ein norsk teoretisk fysikar.
Harald Wergeland | |||
| |||
Fødd | 14. mars 1912 Norderhov | ||
---|---|---|---|
Død | 25. januar 1987 Eidsvoll kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | fysikar, ingeniør, universitetslærar, kjernefysiker | ||
Institusjonar | Noregs tekniske høgskole Universitetet i Amsterdam | ||
Alma mater | Noregs tekniske høgskole | ||
Barn | Ebba Wergeland | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Kungliga Vetenskapsakademien Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Etter examen artium på Eidsvoll blei han kjemiingeniør frå NTH i 1936, og dr. philos. frå Universitetet i Oslo 1942, visiterande hos Werner Heisenberg i Leipzig 1937-39 og under Egil Hylleraas i Oslo 1939-45. Han var professor i teoretisk fysikk ved NTH frå 1946 og blei i 1947 med i Atomutvalet leia av Svein Rosseland.[2] Han stilte seg tvilande[3] til om landet trong Haldenreaktoren i 1955 og var pådrivar for Det Nordiske Institutt for Teoretisk Atomfysikk (NORDITA) som blei oppretta i København i 1957. Etter aldersgrensa gjekk han i 1979 over til seniorstipendium i Forskningsrådet.
Wergeland forska på eksperimentell kjernefysikk, saman med Johan Peter Holtsmark og Roald Tangen, fysikalsk kjemi, kosmisk stråling, mangepartikkelproblem som kondensasjon av gassar til væsker, helium ved låge temperaturar, og spreiingsproblem i akustikk og i kvantemekanikk.
Forresten grunnla han den norske greina av Pugwash-rørsla saman med Sven J. Cyvin og Tormod Førland, begge professorar i fysikalsk kjemi ved NTH. Wergeland var òg ein av leiarane i Aksjon mot Atomkraft.[4] Wergeland var oldebarn på farfarsida av offiseren Harald Nicolai Storm Wergeland (1814-93). Han var far til Ebba Wergeland (f. 1946) og Nicolai Wergeland som begge er legar.[5][6]
Verv og utmerkingar
endre- Det Norske Videnskaps-Akademi innvalt 1943
- Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab med frå 1946 (preses 1959–65)
- Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning 1951
- St. Olavs Orden riddar i 1. klasse 1960
- Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab fra 1964
- International Union of Pure and Applied Physics, visepresident ein periode
- Gunnerusmedaljen 1970
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Harald Wergeland» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Harald Wergeland». Store norske leksikon.
- ↑ «Norge for alvor med i atomforskningen». VG. 20. mars 1947.
- ↑ «Dristig å bygge atomkraftanlegg før man kjenner de helsemessige problemer». VG. 21.5.1955.
- ↑ Ole-Christian Sjølie (21.4.1975). «Professor regnet feil». VG.
- ↑ «Om Wergeland i Teknologihistorieprosjektet NTNU».
- ↑ «Harald Wergelands private arkiv». Finst ved NTNU Universitetsbiblioteket Dorabiblioteket