Hargshamn

Koordinatar: 60°10′10.290″N 18°27′57.449″E

Hargshamn
TidssoneUTC+01:00, UTC+2
Folketal300 (31. desember 2019)
Plassering

Hargshamn
60°10′11″ N 18°28′0″ E

Hargshamn er ein svensk tettstad i Östhammars kommun i Uppsala län i landskapet Uppland. I 2005 hadde tettstaden 304 innbyggjarar.

Tettstaden består hovudsakleg av eldre villabusetnad utanfor hamna, som har vore i drift frå 1600-talet. Hamna var då eksporthamn for stangjern frå Hargs bruk. Heilt fram til nedlegginga av Dannemora gruva i 1992 var jernmalm det viktigaste produktet.

Service og industriEndra

Den viktigaste verksemda er Jaco Fabriks AB med over 50 tilsette, som produserer stillas, transformatorstasjonar, systemløysingar for mobiltelefoni og trådlaust breiband, signal- og tryggleiksanlegg for togdrift med meir. Hargshamn har opplevd nedlegging av viktige servicetilbod dei siste åra. Skulen blei lagt ned i 2005. Landhandelen med post og bensinstasjon blei nedlagt i 2007.

Hargshamn har internasjonal hamn med 8,5 meters djup som hovudsakleg vert nytta til bulktransport, for det meste drivstoff. Frå hamna går det jernbane og bilveg for vidaretransport.

KjelderEndra