Harmonisk analyse

Harmonisk analyse er ei grein av matematikken som omhandlar periodiske svingingar. Fenomen med periodisk karakter finst innan mange område, særleg innan praktisk matematikk, som til ymse bølgjer, temperatur- eller priskurver eller kor ofte ein har solflekkar. Med harmonisk analyse prøver ein å syne samansette svingingar ved hjelp av enkle harmoniske svingingar. Det vil sei enkle sinus- og cosinuskurver på forma:

Der t er den variable, som regel tida. For å handsame dette matematisk utviklar ein funksjonen eller kurva i ei fourier-rekkje.

Kjelder endre

«harmonisk analyse – matematikk» av Karl Egil Aubert i Store norske leksikon, snl.no.