Harpe

(Omdirigert frå Harpist)

Harpe eller harpa er eit strengeinstrument som noko forenkla kan skildrast som ei ramme med strengar inni. Harper i ulike storleikar og fasongar har vore brukt frå oldtida av, og til i dag. Ho kan brukast både som knipse- og strykeinstrument.

Harpe

Harpespelar med tre harper i ulike storleikar: Stor konsertharpe, lita trubadurharpe, og mellomstor keltisk harpe.
Strengeinstrument
Klassifiseringklimpreinstrument, composite chordophone, artefakt, artefakt, musikkinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering322-5
(Samansett kordofon spelt på med fingrane)
UtviklaOldtida
Døme
Liknande instrument
Speleregister

(moderne pedalharpe)

Den eldste kjennskapen ein har til harper er frå det gamle Mesopotamia for 5000 år sidan. Dei er også kjende frå det gamle Egypt, og har spreidd seg til heile Europa, delar av Afrika og Asia.

Harper av det meir moderne slaget er i allefall kjende sidan mellomalderen. Dei tidlege harpene hadde berre durtonar. Om det var nødvendig med halvtonar, kunne ein stemma om ein streng eller fleire. Frå 1500-talet blei harper med to strengerader vanleg. Dei blei derimot rekna som meir vanskelege å spela på. Men så fann ein på å kopla klaffane til pedalar, slik at ein skiftar tonehøgd på strengane med føtene, og på den måten endrar ein streng frå for eksempel g til giss eller gess. Det er slik moderne konsertharper er bygde.

Harpe i norsk folkemusikk endre

For meir om dette emnet, sjå norsk harpe.

I Noreg har harper vore i bruk sidan mellomalderen. På portalen på Uvdal stavkyrkje, frå 1100-talet, er «Gunnar med harpa» portrettert, og det finst i dag ni gamle norske harper, ved ulike museum[1]. Den norske harpa gjekk under ymse namn, som «bondeharpe», «krokharpe» og «trekantharpe». Tradisjonen døydde etter kvart ut, og i fylgje Tone Hulbækmo levde han lengst i Østerdalen.[1]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Hulbækmo, T., Stifinner, Heile HCD 7304.

Kjelder endre