Harry Potter-parodiar
Den enorme populariteten til Harry Potter-serien av J.K. Rowling har gjort at han har blitt mykje parodiert. Mange medium har vore brukt til desse arbeida, mellom anna bøker, film og tv. Serien har rekorden for flest fan fiction-parodiar, på over 500 000.
Mange Harry Potter parodier er publisert på eiga hand, medan andre blir sett ut som ein del av store komiske produksjonar, mellom anna Mad, The Simpsons, South Park, Saturday Night live og Robot Chicken, som alle har parodiert Harry Potter fleire gonger. Rowling har også blitt parodiert (og parodierte seg sjølv) i ei rekkje hendingar.
Harry Putter and the Chamber of Cheesecakes
endreHarry Putter and the Chamber of Cheesecakes er ein engelsk Harry Potter-parodi av Timothy R. O'Donnell. Hovudpersonanr i forteljinga er Harry Putter, Ron Cheesley og Hermione Stranger. Dei studerer på Hogwashes School for Wizards and Witches. Det er også ein oppfølgjar.
Her er namna og uttrykka O'Donnell har parodiert:
- Harry Putter - Harry Potter
- Ron Cheesley - Ronald Weasley (norsk Ronny Wiltersen)
- Hermione Stranger - Hermione Granger (norsk Hermine Grang)
- Hogwashes School for Wizards and Witches - Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry (norsk Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom)
- Lord Moldyfart - Lord Voldemort (norsk Fyrst Voldemort)
- Chamber of Cheesecake - Chamber of Secrets (norsk Mysteriekammeret)
- Deathly Hairballs - Deathly Hallows (norsk Dødstalismanene)
Sjå ogso
endre- A Very Potter Musical, ein delvis musikal og parodi
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Parodies of Harry Potter» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2012.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Harry Potter parodiar frå Engelsk Wikipedia .