Mad er eit amerikansk humor- og satireblad med hovudvekt på teikneseriar, grunnlagt av utgiveren William Gaines og redaktør og teiknaren Harvey Kurtzman i 1952. Vittighetsbladet kom ut kvar månad og er den siste overlevande tittelen frå dei berykta og samtidig kritikarroste EC Comics-utgjevingane. Utgiver Gaines lei tungt under sensuren i 1950-talet mot teikneseriar som bokstaveleg utrydda hans utgjevingar av skrekkteikneseriar (EC horror comics) frå salsstadane. Mad er ått av DC Comics.

Mad

TypeSatire
Opprettanovember 1952
SpråkEngelsk
EigarDC Comics
Opplag267 174 (2015)
Nettstadmadmagazine.com
Mad har publisert faste bidrag av ei rekkje kjende vitsetegnere. Biletet viser karikaturteiknaren Mora Drucker då han i år 2000 feira av bladutgjeving nummer 400.

Bladet er kjent blant anna for vitsetegneren Don Martin som med sin karakteristiske tegnestil (figurar med lite hovud, stor hake og store føter) og slapstick-inspirerte humor var ein av dei mest populære teiknarane i bladet, og vart ofte omtalt som MAD's Maddest Artist . Martin jobba for bladet frå 1955 til 1987, og Mad gav òg ut ei rekkje pocketbøker med lengre Don Martin-historier. Antonio Prohias som teikna Spy vs Spy frå 1961 til 1990 var ein anna kjent Mad-teiknar. Prohias var heilt blakk då han kom frå Cuba til USA, men fekk seg jobb hos Mad med ein gong, til trass for at han nesten ikkje kunne eit einaste ord engelsk. Spy vs Spy var delvis inspirert av den kalde krigen og handlar om ein kvit og ein svart spion som freistar å drepa eller skade kvarandre. I dag vert serien teikna av Peter Kuper.

To andre kjende bidragsytarar i Mad er Sergio Aragonés og Al Jaffee, som begge framleis er aktive. Aragonés er sannsynlegvis Den meste produktive teiknaren til Mad gjennom tidene, og har med eitt unntak (då teikningane forsvann i posten) produsert material for kvart einaste nummer av Mad frå 1963 fram til i dag. Han er best kjent for sina seriar utan ord, som vanlegvis er relatert til eit bestemt tema i kvar utgåve. Jaffee er teiknaren med lengst fartstid i Mad, og har levert bidrag til bladet heilt sidan 1955. Han er best kjent for sina fold-ins (utbrettsbilder) på nest siste side, der ein ved å bretta bladet på ein bestemdt måte får fram eit skjult bilete og tekst.

Karrikatur av Alfred Neumann

Omslaga viser nesten alltid ein figur kjent som Alfred E. Neuman, ein liten gut med stort hovud og ei manglande tann som har vore Den uoffisielle maskoten til mad sidan 1955.

Mad på norsk endre

Mad fekk òg ei tilhengarskare i Noreg, og Norsk Mad vart første gong lansert i 1971. Først var det Williams Forlag som ga ut berre åtte blad i perioden 1971–1972. Etter ni års fravær ga Semic Forlag ut serien på nytt i perioden 1981 til 1994, med i alt 118 blad i det som var Norsk Mad, forlagets klårt mest vellukka inkarnasjon. Bladet inneheldt ei blanding av omsett material frå den amerikanske utgåva og eigenprodusert material frå den norske teiknarane i bladet.

Dei første åra, frå starten i 1981 til og med 1985, var Dag Kolstad redaktør i bladet. Kolstad slutta i Norsk Mad i byrjinga av 1986, og starta kort tid seinare det konkurrerande humorbladet Pyton, og tok med seg fleire av dei norske bidragsytarane til bladet (blant anna Arild Midthun og Tommy Sydsæter) til konkurrenten. «Krigen» mellom Norsk Mad og Pyton toppa seg i 1988, då Pyton trykte ein falsk Mad-forside på baksida i von om å stela lesarar frå konkurrenten. Dette resulterte i søksmål, og Gevion forlag (Pytons utgjevar) vart dømt til å betala 80 000 kroner i erstatning. Likevel var det Pyton som vann humorkrigen, og på slutten av 1980-talet var salstalet til Norsk Mad søkkande, medan salstala til Pyton var stigande. I 1994 vart Norsk Mad nedlagt.

Bladkompaniet overtok Norsk Mad frå 1995, og freista å relansera bladet i – men dette varte berre i seks nummer inn i 1996. Egmont var neste forlag som freista seg med ei norsk utgåve av Mad i 2001, men òg denne gongen gjekk bladet inn etter berre seks nummer. Sommaren 2008 dukka likevel eit spesialalbum av Norsk Mad på nytt opp i kioskhyllane.


Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre