Harsin fylke (persisk شهرستان هرسین) er eit fylke i Kermanshah-provinsen vest i Iran, i det som uoffisielt vert kalla Iransk Kurdistan. Det administrative senteret i fylket er Harsin. Fylket grensar i nord til Sahneh fylke, i sør til Khorramabad fylke i Luristan, i aust til Nahavand fylke i Hamadan-provinsen og i vest til Kermanshah fylke. Fylket er delt inn i dei to distrikta Sentral-distriktet og Bisotun-distriktet. Fylket har dei to byane Harsin og Bisotun. Byen Harsin ligg 44 km aust for Kermanshah, 1570 meter over havet.

Harsin fylke
شهرستان هرسین
fylke
Land  Iran
Provins Kermanshah
Adm. senter Harsin
Folketal 90 452  (2006)
Tidssone IRST (UTC+3:30)
 - Sommartid IRDT (UTC+4:30)
Kart
Harsin fylke
34°20′00″N 47°30′00″E / 34.333333333333°N 47.5°E / 34.333333333333; 47.5
Wikimedia Commons: Harsin County

I folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i fylket 90 452.[1]

Kjelder endre

  1. «Census of the Islamic Republic of Iran, 1385 (2006)». Iran. Arkivert frå originalen (Excel) 11. november 2011.