Hartvig Johnsen
overrettssakførar, stortingsmann og ordførar i Kragerø
John Hartvig Johnsen (9. juni 1867–12. november 1952) var ein norsk sakførar og politikar frå Kragerø som representerte einmannskrinsen Kragerø på Stortinget 1916–18. Han var tingets einaste representant vald for Fråhaldspartiet, og satt ikkje med noko anna parti.
Hartvig Johnsen | |||
| |||
Fødd | 9. juni 1867 Sannidal kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 12. november 1952 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
|
Johnsen vart student frå ein privatskule i Kristiania i 1886 og var ferdig utdanna cand.jur. i 1893. Frå 1894 var han overrettsakførar i Kragerø. I Kragerø var han medlem i bystyret frå 1901, ordførar 1911–13 og 1920. Tingperioden 1916–18 møtte han på Stortinget, der han var medlem i Næringskomite nr 2. Det var i Johnsen si tid på tinget at det vart vedteke å byggje Kragerøbanen som eit sidespor til Sørlandsbanen.
Han var fødd på Skåtøy utanfor Kragerø.
Kjelder
endre- Stortingsbiografi Arkivert 2018-07-30 ved Wayback Machine.