Hartvig Svendsen
Hartvig Svendsen (22. desember 1902–24. februar 1971) var ein norsk bygningsmann, fagforeingsleiar og politikar frå Aremark i Østfold. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1945 til 1965. Stortingsmann August Svendsen var far hans.
Hartvig Svendsen | |||
Fødd | 22. desember 1902 Aremark kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 24. februar 1971 (68 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Far | August Svendsen | ||
Alle verv |
|
Svendsen arbeidde som bygningsmann i Mysen til 1928. Dei neste tre åra var han gardsarbeidar i Ås i Akershus. Deretter var han snikkar i Oslo frå 1931 til -37. Han engasjerte seg i fagrørsla, noko som seinare førte til at han vart formann i Norsk Bygningsarbeiderforbund.
Han busette seg i Ski i Akershus, der han frå 1937 representerte Arbeidarpartiet i heradsstyret, i fyrste omgang til 1940. I 1942 vart han arrestert av nazi-styresmakter og sat fange på Grini fram til våren 1945. Seinare i 1945 vart han vald til ordførar i Ski, eit ombod han hadde ut 1947. Den neste fireårsbolken, 1948-51, var han med i formannskapet. Toårsbolken 1956–57 var han ordførar att, sat sidan i formannskapet i Ski ut året 1963.
Svendsen vart vald til stortingsrepresentant frå Akershus hausten 1945, og vart attvald fire gongar. På Stortinget var han til januar 1949 medlem i Kommunalkomiteen og så 1949-53 formann i same komiteen. Dei to valperiodane 1954-57 og 1958-61 var han medlem i Finans- og tollkomiteen. Til sist hadde han 1961-65 plass i Samferdslekomiteen.
Perioden 1946-52 var Svendsen formann i Norsk boligbyggelags landsforbund. Han var formann 1952-60 i Akershus Arbeiderparti, og medlem 1953-57 i sentralstyret i Det norske Arbeidarparti.