August Svendsen

norsk politikar

August Thorvald Svendsen (19. juni 187928. mars 1936) var ein norsk småbrukar og politikar frå Rakkestad i Østfold som representerte ArbeidarpartietStortinget 1931-36. Han var far til Hartvig Svendsen.

August Svendsen
Fødd19. juni 1879
Død28. mars 1936 (56 år)
Statsborgar avNoreg
BarnHartvig Svendsen
Alle verv

August Svendsen var son til ein smed i Øymark. Frå 1893 til -98 arbeidde han på ein storgard i Øymark, tilhøyrande brukseigar Haneborg. Ei tid var han i teneste på storgardar i Bærum og Asker, før han var tilsett på Ørje bruk frå 1900 til 1914. I tida 1915-24 dreiv han ein husmannsplass i Eidsberg, der etter forpakta han småbruket Tulkerud i Hærland-sokna i Eidsberg til 1931. Frå 1931 hadde han eige gardsbruk, Østbybråten i Hærland.

Svendsen var tidleg aktiv i politikken. Han var med å skipe fleire politiske foreiningar, mellom anna Øymark Arbeidarparti, Sliperiarbeidernes fagforening i Ørje, Nedre Eidsberg arbeider- og småbrukerforening og i 1929 Herland skog- og landarbeiderforening, formann i begge dei sistnemnde foreiningane. I Øymark var han medlem i heradsstyret 1907-13 og i skulestyret. Seinare var han heradsstyremedlem i Eidsberg 1925-28 og 1931-36.

Ved stortingsvalet hausten 1930 vart Svendsen vald til stortingsmann frå Østfold, attvald i 1933. Han var i begge treårsbolkane medlem i Kyrkje- og skulekomiteen, men døydde nokre månader før 1936-sesjonen vart avslutta.

Kjelder endre