Opna hovudmenyen

Mysen er ein by og administrasjonssenteret i Eidsberg kommune i Østfold fylke. Byen er eit kommunikasjons- og handelssenter med ein del industri, særleg næringsmiddelindustri, grafisk industri og verkstadindustri. Her ligg Heggen og Frøland tingrett. Det er også vidaregåande skole på Mysen. Like utanfor tettstaden ligg verksemda Edwin Ruud, eit distriktspsykiatrisk senter under Sykehuset Østfold. Museum på Folkenborg i søre del av tettstaden. Det er travbane og utstillingsplass på Momarken i nord.

Mysen
By
Mysenkirke.jpg
Mysen kyrkje på Mysen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Østfold
Kommune Eidsberg
Areal 4,78 km²
Folketal 6 513 (2017)
Folketettleik 1 363 / km²
Postnummer 1850 MYSEN
Preposisjon [1] Mysen
Wikimedia Commons: Mysen

Innhaldsliste

HistorieEndra

Mysen blei til rundt stasjonen med same namn på Østre linje, jernbanelinja gjennom Indre Østfold, som blei opna for trafikk i 1882. Etter fyrst å ha vore ein såkalla bygningskommune, blei Mysen sjølvstendig kommune 1. juli 1920, då han blei skild ut frå Eidsberg kommune. 1. januar 1961 blei Mysen slått saman med Eidsberg att. Rundt Mysen ligg også Hærland, Eidsberg, Trømborg og Slitu. Mysen har også Momarken travbane, fengsel og eit fotballag i 3. divisjon, Mysen IF. Eidsberg kommune vedtok at Mysen kan kalle seg by frå 1997.

Namnet Mysen kjem frå den gamle garden Mysen (norrønt Mysin, fra Mosvin), fordi tettstaden er reist på gardens grunn. Mosi kjem frå 'myr', mens vin kjem frå 'eng'.

SamferdselEndra

Europaveg 18 (Oslo–Ørje–Stockholm) går gjennom nordre del av busetnaden og blir kryssa av riksveg 22 Lillestrøm–Halden. Elles er den samband nordaustover til Rødenes via fylkesveg 123. Østfoldbanens austre linje har stasjon i Mysen, endestasjon for lokalsamband med Oslo. Herfrå går det bussruter til helie indre Østfold.

KjelderEndra

  1. «Preposisjonsbruk». Språkrådet. 18. mars 2015. 

BakgrunnsstoffEndra