Hasund skule
Hasund skule er ein skule som ligg i Hasund skulekrins i Ulstein kommune, Møre og Romsdal fylke, om lag 7 minutt med bil frå Ulsteinvik sentrum. Butikken Straumane Handelslag held til rett attmed.
Hasund skule | |||
Hasund skule sett frå Hasundhornet. | |||
Region/fylke | Møre og Romsdal | ||
---|---|---|---|
Kommune | Ulstein | ||
Adresse | Sundgot, 6065 Ulsteinvik | ||
Rektor | Odd Nesse | ||
Hasund skule 62°18′59″N 5°50′35″E / 62.3165°N 5.843°E |
Skulen blei fyrst bygd ved brua over til Dimnøya i 1879 med eitt klasserom. Eit nytt og større klasserom blei bygd på i nordenden i 1908. Klasserommet målte 10 x 12 alen som er ca. 6,1 x 7,3 meter. Skulen blei bygd på nytt der han står i dag og stod ferdig 1954. Ein ny og større skule blei bygd like bak i 1991 og den gamle blei riven. På tomta til den gamle skulen i dag finst det ei basketballbane. Fotballbana har blitt til ballbinge for 2-3 år sidan.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristen Ulstein (1990). Grunnskulen i Ulstein gjennom 250 år. [Ulstein]: Ulstein kommune, skulestyret. ISBN 8299088771.
- Offisiell nettstad