Hasvik

tettstad i Hasvik i Finnmark

Hasvik er ein tettstad i Hasvik kommune, vest i Finnmark, på 70. breiddegrad nord. Tettstaden ligg heilt sørvest på Sørøya og har 358 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Hasvik
tettstad
Storgata i Hasvik
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hasvik
Areal 0,53 km²
Folketal 358  (2023)
Folketettleik 675 / km²
Postnummer 9590 HASVIK
Innbyggjarnamn hasvikværing
Kart
Hasvik
70°29′11″ N 22°9′39″ E
Wikimedia Commons: Hasvik (town)

Det går bilferje frå Hasvik til Øksfjord via fylkesveg 882 og hurtigbåt til Hammerfest. Like ved tettstaden er det flyplass, Hasvik lufthamn.

Like utanfor Hasvik står Hasvik kyrkje, ei åttekanta kyrkje frå 1955 med kyrkjegard og minnelund. Like ved ferjekaia ligg Hasvik gamle kyrkjegard frå 1700-talet. Kyrkja på Hasvik stod først i Hasvåg og blei flytta til Hasvik i 1712. Fundamenta til kyrkja var av kvalbein. I 1756 blei det reist ei kyrkje, delvis av materialar frå Hjelmsøy gamle kyrkje. I 1861 blei det oppført ei langkyrkje i tømmer som blei brend av tyskarane hausten 1944.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Hasvik tettsted». Store norske leksikon. 28. september 2012. Henta 26. mai 2017.