Hatfield i Hertfordshire

Hatfield er ein by i grevskapet Hertfordshire i England. Han har kring 29 500 innbyggjarar og har saksisk opphav. Hatfield House, heimen til markien av Salisbury, ligg midt i gamlebyen. Frå 1930-åra, då de Havilland opna ein fabrikk, og fram til 1990-åra då British Aerospace vart stengd, var Hatfield forbunden med design og produksjon av fly. Dette var i denne perioden hovudnæringa i byen. Hatfield var ein av dei planlagde byane kring London i etterkrigstida og har ein modernistisk arkitektur frå denne perioden. University of Hertfordshire ligg her. I 2000 var det ei togulukke i byen på linja frå London til York, der fire menneske mista livet.

Hatfield

Det gamle palasset ved Hatfield House
Det gamle palasset ved Hatfield House
Det gamle palasset ved Hatfield House
Plassering
Hatfield i Hertfordshire is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Hertfordshire
Distrikt Welwyn Hatfield
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

29 616
Koordinatar 51°46′N 0°14′W / 51.767°N 0.233°W / 51.767; -0.233
Diverse annan informasjon
Postnummer AL9
AL10
Telefon-retningsnummer 0 1707
Commons har multimedium som gjeld: Hatfield i Hertfordshire

Kjelder

endre