York

Flyfoto av York, med York Minster i midten
Flyfoto av York, med York Minster i midten
Byvåpenet til York
Byvåpenet til York
Kallenamn
«Capital of the North»
Motto
«Let the Banner of York Fly High»
Plassering
York is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom (3-5).svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap North Yorkshire
Distrikt Sameint styresmakt
Grunnlagd som Eboracum kring 71 evt.
Geografi
Flatevidd
 - By

271,94 km²
Koordinatar 53°57′30″N 1°4′49″WKoordinatar: 53°57′30″N 1°4′49″W
Diverse annan informasjon
Postnummer YO
Telefon-retningsnummer 01904
Nettstad: www.york.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: York

York er ein by nord i England. Han har 183 128 innbyggjarar (2003). Byen er kjend for å ha mange bevarte historiske byggverk, mellom anna ein nokså fullstendig bymur. Han var hovudstad i vikingkongedømet Jorvik.

Byen ligg på møtepunktet mellom elvane Ouse og Foss. York har tradisjonelt vore hovudbyen i grevskapet Yorkshire. Han er i dag ei sameint styresmakt i det seremonielle grevskapet North Yorkshire.

Frå mellomaldergata The Shambles i York.

HistorieEndra

Byen blei grunnlagd som eit romersk fort i år 71. Som Eboracum blei det ein viktig militærbase, og to romerske keisarar døydde her: Septimius Severus i 211 og Constantius Chlorus i 306.

Etter at romarane trekte seg tilbake blei staden brukt som handelshamn av angelsaksarane, og kalla Eoforwic. Men i november 866 blei han teken av ein "stor vikinghær", fortel angelsaksiske krønikeskrivarar. Vikingane gjorde han til hovudstaden i eit stort kongerike kalla Jorvik, og byen blomstra.

I 954 blei den siste vikingkongen, Eirik Blodøks, utvist frå riket, og det blei innlemma i den nylaga angelsaksiske staten. Men ein kan fortsatt sjå spor etter dei norrøne innbyggjarane, som i namna på gatene, som gjerne heiter noko med "gate", til dømes Micklegate ('Storgata').

Verdt å sjåEndra

York har fleire gamle bygg, som Clifford Tower, eit forsvarstårn på ein bakketopp, og York Minster, som er den største mellomalderdomkyrkja i England. Saman med bymuren og dei bevarte mellomaldergatene gjer desse byen til eit trekkplaster for turistar. I tillegg har York eit rikt gateliv, som organiserte turar med spøkjelsesforteljingar og diverse gateunderhaldning.

Det ligg òg mange museum i byen, mellom anna Yorkshire Museum, jarnbanemuséet National Railway Museum, skrekkmuséet York Dungeon, og vikingmuséet Jorvik Viking Centre.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra