Hatrurimformasjonen

Hatrurimformasjonen eller den spetta sonen er ein geologisk formasjon med frambrot kring Daudehavet i Negevørkenen i Israel, i JudeaørkenenVestbreidda, og i vestlege Jordan. Han består av urein kalkstein frå krittida til eosen i lag med kolførande kalk og mergel. Bergartane har vore utsett for pyrometamorfose ved at det har vore fyr i det underliggande kolet. Formasjonen er kalla opp etter frambrot i Hatrurimbekkenet som ligg like vest for Daudehavet.[1]

Formasjonen er typelokalitet for fem uvanlege mineral og er kjend for mange andre mineral som er meir vanleg i portlandleire.[1]

Kjelder

endre