Judeaørkenen

Judeaørkenen (hebraisk מִדְבַּר יְהוּדָה, Midbar Yehuda; arabisk صحراء يهودا, Sahara Yahudan) er ein ørken i Israel og Vestbreidda som ligg aust for Jerusalem og fell ned mot Daudehavet. Han strekkjer seg frå det nordaustlege Negev til aust for Beit El, og er markert av terrassar og skrentar. Han endar i ein bratt skrent ned til Daudehavet og Jordandalen. Judeaørkenen vert kryss av mange wadiar frå nordaust til søraust og har mange raviner, dei fleste av dei djupe, frå 400 m i vest til 200 meter i aust.[1] Judeaørkenen er eit område med ein særskild morfologisk struktur langs austsida av Judeafjella.

Judeaørkenen
ørken
View of Judean Desert from mount. Yair, Israel.jpg
Judeaørkenen frå Ein Gedi
Land Flag of Israel.svg Israel
Koordinatar 31°42′N 35°18′E
Kart
Judeaørkenen
31°42′ N 35°18′ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Judean Desert
Åsane i Judeaørkenen.

Han vert stundom kalla Yeshimon (hebraisk skrift יְשִׁימוֹן) som tyder 'ørken' eller 'villmark'.[2]

PlasseringEndra

Judeaørkenen ligg aust for Jerusalem og heller ned mot Daudehavet. Nedbørsmengdene i Judea-området varierer frå 400-500 mm i dei vestlege åsane til 600 mm kring vestlege Jerusalem (sentralt i Judea), så ned att til 400 mm aust for Jerusalem og ned til kring 100 mm i austlege delar på grunn av regnskuggen. Klimaet varierer frå middelhavsklima i vest og ørkenklima i aust med ei stripe steppeklima i midten. Dei største byområda er Jerusalem, Betlehem, Gush Etzion, Jeriko og Hebron.[3]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Reiseguide for Judean Desert frå Wikivoyage