Hattemakar er ein handverkar som lagar hattar, særleg herrehattar.[1] I moderne norsk bruker ein gjerne omgrepet modist om ein daglært person som utformar hattar, då særleg damehattar.[2]

Hattemakar i ferd med å laga eun hatt i filt.
Tysk våpenskjold som viser tilhøyre til hattemakarlauget (1895)

Allereie i 1363 var det registrert eit hattemakarlaug i Nürnberg. På 1700-talet var det eitt av minst 60 handverksfag som vart praktisert i Noreg. I likskap med mange andre handverksyrke vart også dette utkonkurrert av industriell produksjon. I dag er hattemakarfaget karakterisert som «verneverdig» både i Noreg og Tyskland slik at fagkunnskapen blir halden i hevd og det er mogleg å få ei utdanning i faget.

Tittelen hattemakar blir brukt av handverkarar som både lagar og sel hattar – i første rekkje snakkar ein då om hattar til menn. Hattar til kvinner blei i første rekkje laga av modistar. Hattemakarar brukar materialar som filt, lerret, tekstil, lêr, pels eller strå som råvarer til å framstilla og forma dei hovudplagga som skal produserast.

I folketeljingane frå 1801, 1865 og 1875 er det registrert frå rundt. 100 til 150 personar med hattemakarverksemd og relaterte yrke i Noreg. 1900-teljinga viser at hattefabrikkane er komne for fullt og alt i alt er ca. 450 personar registrerte med eit yrke knytt til hatteproduksjon og -sal. Etter andre verdskrigen har populariteten til hatten gått ned, og hattemakarar og hatteforretningane har stort sett forsvunne også i Noreg. Hattemakeriet i Trondheim og Hatteholm i Oslo er to unntak.

Klassiske hattar blir no som regel produserte av store hattemakarverksemder som har store delar av verda som marknad. Blant desse er til dømes Stetson og Borsalino. Men det finst enno handfletta stråhattar på marknaden som då sjølvsagt blir laga av hattemakarar i lågkostland.

Jørgen Hattemaker endre

Hattemakaren er udøyeleggjort i det norske språket av diktaren Alf Prøysen gjennom tittelen Kong Salomo og Jørgen Hattemaker. Det blir brukt i ei rekkje samanhengar for å skildra skilnadene mellom rik og fattig, mellom ein viktig og ein ubetydeleg person.

Kjelder endre

  1. «hattemaker». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2014. 
  2. «modist» i Nynorskordboka.

Litteratur endre

  • Tord Buggeland: Maihaugens bok om handverk. Kap. Hattemaker. Maihaugen 2000.