Haug skipreide på Jæren
Haug skipreide (Haugs skipreiða) var ei av skipreidene på Jæren, oppkalla etter garden Hauge i Klepp sokn.
Ho omfatta dei mellomste delane av kommunane Klepp og Time (om lag Horpestad, Bryne, Lyefjell og Frøyland med omland), eller nøyaktigare:[1]
- del av Klepp sokn (matrikkelgardane 17-19 og 24-27)
- del av Orre sokn (matrikkelgardane 28-29 og 32)
- del av Bore sokn (matrikkelgard 41)
- del av Time sokn (matrikkelgardane 1-4, 10-29, 33-38 og 40-41)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Haug skipreide vart nemnd Haug tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Haug tinglag oppløyst 1850[2] og erstatta av dei nye Klepp tinglag (Klepp kommune) og Lye tinglag (Time og Gjesdal kommunar).
Fotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
- Asgaut Steinnes (1974). «Haug skipreide». Styrings- og rettsskipnad i Sørvest-Noreg i mellomalderen : historisk-topografisk oversyn. Oslo: Samlaget. s. 86. ISBN 8252102921.
- Ola Aurenes (1953). Rogalands tingbøker. A 1 : Tingbøker frå Jæren og Dalane 1613-1625. Stavanger: Statsarkivet i Stavanger/Dreyer.