Gjesdal kommune

kommune i Rogaland

Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke. Gjesdal er rekna å vera ein del av Høg-Jæren. Kommunen grensar i nordvest mot Sandnes, i nord mot Forsand, i aust mot Sirdal, i sør mot Bjerkreim, og i vest mot Time.

Gjesdal kommune
kommune
Gjesdal Norwegen.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Ålgård
Areal 618 km²
 - land 560 km²
 - vatn 58 km²
Folketal 12 302 (1. januar 2023)
Målform nøytral
Ordførar Frode Fjeldsbø (Ap)
Kommunenr. 1122
Kart
Gjesdal
58°46′55″ N 6°0′31″ E
NO 1122 Gjesdal.svg
Wikimedia Commons: Gjesdal
Nettstad: www.gjesdal.kommune.no

Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, om lag 30 km søraust for Stavanger. Arealfordeling: jordbruk: 6 %, produktiv skog: 5 %, ferskvatn: 8 %, anna areal: 81 %. Kommunesenteret Ålgård ligg ved E39, 15 km frå Sandnes. Om lag 75 % av innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.

Lokalavisa for Gjesdal er Gjesdalbuen. «Gjesdalbu» er ei nemning på ein som kjem frå Gjesdal kommune. Gjesdalbuen Finn E. Kydland vart i 2004 tildelt Nobelprisen i økonomi. Kydland voks opp på Søyland, medan mora seinare flytte til kommunesenteret Ålgård.

Den største fossen i Rogaland, Månafossen, finst her, inst i Frafjord.

Folk frå GjesdalEndra

BakgrunnsstoffEndra