Haugar Vestfold Kunstmuseum

59°16′3.5292″N 10°24′43.798″E / 59.267647000°N 10.41216611°E / 59.267647000; 10.41216611

Haugar Vestfold Kunstmuseum.
Ein bautastein til minne om tingstaden er sett opp attmed museumsbygningen. På steinen er skrive: «Her blev haugatinget holdt i vikingetid og middelalder. Det var fylkesting for Vestfold og kongehyldningsting.»

Haugar Vestfold Kunstmuseum er eit museum for biletkunst i Tønsberg i Vestfold. Museet, som ofte berre vert kalla Haugar, er ei avdeling av Vestfoldmuseene IKS. Museet ligg på ei høgd midt i byen kalla Haugar (Møllebakken), i bygningar frå 1918–1921 som tidlegare hysa Tønsberg navigasjonsskole/Tønsberg sjømannsskole. I dette området skal det ha vore ein tingstad i vikingtida og mellomalderen.

Haugar Vestfold Kunstmuseum syner hovudsakleg fram norsk samtidskunst og kunsthandverk i vekslande utstillingar. Museet disponerer ei samling av kunst og kunsthandverk som er eigd av ei stifting med namnet Stiftelsen Haugar Vestfold Kunstmuseum. Styret i denne stiftinga vert oppnemnd av fylkestinget i Vestfold fylkeskommune kvart fjerde år.

Museet vart skipa av Vestfold fylkeskommune og Tønsberg kommune i 1993, og opna for publikum i september 1995. Det var inga offentleg kunstsamling i fylket som stiftinga kunne nytte som grunnstamme for vidare utbygging av samlingane. For det meste er samlingane finansiert ved gåver frå Norsk kulturråd og frå Haugars Venneforening, i tillegg til at lokale kunstnarar og kunstsamlarar har bidrege med gåver. Sjølv om museet vart ei avdeling av Vestfoldmuseene IKS i 2009, er det altså framleis stiftinga som eig samlingane. Frå 2011 har museet dessutan hatt eit breitt samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB som har gjort det mogleg å få inn i samlingane langtidsdeponerte verk av viktige norske og internasjonale kunstnarar.

Bakgrunnsstoff endre