Haugesund Dampskibsselskab
Haugesund Dampskibsselskab (HDS) var eit reiarlag som vart stifta 18. september 1877 i Haugesund i Rogaland fylke. Selskapet dreiv med lokalrutefart i området mellom Bergen og Stavanger og vart særleg velkjent i ytre lei av ruta Haugesund-Bergen. Konsesjonen på ruta på Bergen vart overført til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap 1. mai 1980, medan den gjenverande hurtigbåtruta til selskapet Haugesund-Stavanger vart overteke av Det Stavangerske Dampskibsselskab i august 1984 og samstundes kjøpte den siste båten til HDS, westamaranen «Haugesund» og reiarlaget vart avvikla.
Flåteliste
endreNamn | Tidsrom | Type | Tonnasje | Anna |
---|---|---|---|---|
DS «Karmsund» (1) / «Karmøy» (1) | 1877-1904-1914 | Lokalrutebåt | 96 brt | |
DS «Karmsund» (2) | 1904-1953 | Lokalruteskip | 159 brt | |
DS «Haugesund» (1) | 1906-1915 | Lokalrutebåt | 127 brt | |
DS «Brandasund» | 1944-1948 | Lokalruteskip | 244 brt | |
MS «Landanes» | 1947-1968 | Lokalrutebåt | 199 brt | Formelt eigd av Knut Knutsen O.A.S. |
MS «Stolmen» | 1953-1973 | Lokalrutebåt | 361 brt | Formelt eigd av Knut Knutsen O.A.S. |
MS «Tonjer» | 1953-1970 | Lokalrutebåt | 332 brt | |
MF «Tre Måker» | 1964-1973 | Bilferge | 446 brt | Formelt eid av AS Jøsenfjord Rutelag 1964-1968 |
MS «Karmsund» (3) | 1972-1980 | Hurtigbåt | 194 brt | |
MS «Haugesund» (2) | 1973-1980 | Hurtigbåt | 206 brt | Båt og rute selt til HSD i 1980 |
MS «Storesund» | 1974-1980 | Hurtigbåt | 203 brt | |
MS «Haugesund» (3) | 1981-1984 | Hurtigbåt | 226 brt | Båt og rute selt til DSD i 1984 |