Haugesund stadion

fotballstadion i Haugesund

Haugesund stadion er eit stadionanlegg i Haugesund som på folkemunne vert kalla «Gamlå». Banen har naturgras og blir brukt av Fotballklubben Haugesund. Tilskodarrekorden på ca. 17 000 vart sett 1. oktober 1961 i kampen mellom Sportsklubben Haugar og Steinkjer FK.[treng kjelde] Før sesongen 2010 vart det sett opp flaumlys, mediefasilitetar og ein 28 m² stor TV-skjerm.

Haugesund stadion

Adresse Karmsundggaten 169, 5522 Haugesund
Brukarar Haugesund, Vard, Haugar, Djerv 1919
Underlag Naturgras
Kapasitet 5200, men skal oppgraderast etter 2012 sesongen

Supportarklubben Maakeberget held til på vestre ståtribune.

Løpebanen rundt vart fjerna hausten 2012 og grasmatta vart flytta inn til austre tribune og stod klar til seriestart 2013.

Oppgradering 2013-2014

endre

Styret i Stadionselskapet HKFKH AS har avgjort følgjande utbygging av Haugesund stadion:

  • Gamle vestre tribune (576 seter) skal rivast og ny hovudtribune skal stå klar til 30. september 2013 (kapasiteten blir 2500 seter)
  • Austre tribune (2254 seter) skal utvidast slik at han blir samanhengande langs heile langsida (dato og kapasitet ikkje avgjort)
  • Nordre og søndre sving får nye tribunar. HFKH AS har kjøpt kortsidene til Sandefjord fotball og tribuneseksjonane skal vere installert til 2013 sesongen[1]
Tribune Kapasitet 2012 Ny kapasitet Venta ferdig
Vestre langside (ny hovudtribune) 576 2459 30.09.2013
Austre langside 2254 3000++ 2014++
Nordre sving 2370 2000 01.04.2013
Søndre sving 0 1000 01.04.2013
Haugesund Stadion 5200 8459++ 2014++

Kjelder

endre