Opna hovudmenyen

Sportsklubben Vard Haugesund (stifta 2. juni 1916) er ein norsk fotballklubb frå Haugesund i Rogaland. Klubben er ein av dei største reine fotballklubbane i Noreg med ca. 60 lag i aldersbestemte klassar og nådde cupfinalen i 1962 og 1975. I 1976 spelte Vard i 1. divisjon – eller det som i dag heiter Tippeligaen . Det vart nedrykk same år. Vard hadde i gjennomsnitt 6300 tilskodare på heimekampane sine i 1976. Frå sesongen 2006 har Vard eit sportsleg samarbeid med Fotballklubben Haugesund, SK Haugar og SK Djerv 1919.

Sportsklubben Vard Haugesund
Fullt namnSportsklubben Vard Haugesund
KallenamnVard
Grunnlagd2. juni 1916
HeimebaneHaugesund stadion
(kapasitet: 8 800)
StyreleiarBente Døsen
HovudtrenarFlemming Christensen
LigaOBOS-ligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Klubben spelar denne sesongen i OBOS-ligaen. Noverande hovudtrenar er Flemming Christensen.

Dei spelar heimekampane sine på Haugesund stadion.

Supporterklubben heiter SuperVard. Vard har hatt kjende spelarar som Arne Larsen Økland, Wim Balm, Rune Ottesen og Svein Hammerø.

SerienEndra

År Div Avd Nr S V U T + - P
1984 3 C 1 22 13 7 2 46 9 33
1985 2 A 5 22 9 7 6 31 31 25
1986 2 B 7 22 7 6 9 29 31 20
1987 2 A 9 22 6 5+1 10 25 32 29
1988 2 A 9 22 7 5 10 26 31 26
1989 2 A 10 22 5 8 9 28 38 23
1990 3 C 2 22 14 4 4 56 23 46
1991 2 C 1 22 18 1 3 48 13 55
1992 1 B 8 22 7 6 9 21 32 27
1993 1 B 9 22 5 7 10 29 34 22
1994 1 2 9 22 8 3 11 19 25 27
1995 1 1 12 22 4 1 17 17 43 13
1996 2 4 3 22 13 4 5 42 26 43
1997 2 4 3 22 13 4 5 50 30 43
1998 2 5 6 22 9 4 9 42 41 31
1999 2 4 9 22 6 7 7 42 31 25
2000 2 4 4 22 11 7 4 56 27 40
2001 2 2 3 26 16 4 6 71 40 52
2002 2 3 4 26 12 7 7 66 40 43
2003 2 3 1 26 21 1 4 91 27 64
2004 1 15 30 7 3 20 43 83 24
2005 2 1 2 26 19 3 4 88 27 60
2006 2 3 3 26 14 4 8 62 39 46
2007 2 3 4 26 12 6 8 49 48 42
2008 2 3 7 26 10 4 12 44 48 34
2009 2 3 2 26 17 5 4 64 36 56
2010 2 3 5 26 13 4 9 54 34 40
2011 2 3 2 26 13 5 8 57 25 44
2012 2 3 1 26 15 8 3 60 26 53

Grønt markerer opprykk, medan raudt er nedrykk.

Kjende spelararEndra

BakgrunnsstoffEndra