Haugland skipreide
Haugland skipreide var ei av skipreidene på Jæren, oppkalla etter grenda Haugland i Time sokn.
Ho omfatta delar av kommunane Klepp, Time og Hå, eller nøyaktigare:[1]
- storparten av Orre sokn (matrikkelgardane 30-31 og 33-40)
- Njærheim (seinare Nærbø) sokn nord for Håelva (matrikkelgardane 1-8)
- søre delen av Time sokn (matrikkelgardane 5-9, 42-64)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Haugland skipreide vart nemnd Haugland tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Haugland tinglag oppløyst 1850[2] og erstatta av dei nye Klepp tinglag (Klepp kommune), Lye tinglag (Time og Gjesdal kommunar) og Hå tinglag (Nærbø og Varhaug sokner)
Fotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
- Asgaut Steinnes (1974). «Haugland skipreide». Styrings- og rettsskipnad i Sørvest-Noreg i mellomalderen : historisk-topografisk oversyn. Oslo: Samlaget. s. 86. ISBN 8252102921.