Haukeliseter er ei hyttegrend og ei gamal seter som ligg 998 m.o.h., nordvest i Vinje kommune i Telemark, ved Europaveg 134 like aust for Haukelitunnelen. Haukeliseter fjellstue er den største hytta på setra. Anlegget er eigd av Stavanger Turistforening og har omkring 150 sengeplassar.

Haukeliseter med Haukeliseter fjellstue, det avlange byggverket med torvtak på hi sida av vegen.

Haukeliseter vart bygd og sett i drift som fjellstove av staten i tidsrommet 1866–71. Hytta vart kjøpt av Stavanger Turistforening i 1963 og vart utvida og modernisert. Fjellstova har butikk, matsal med servering av lokal mat, spa og utandørs varmebasseng.

Det er gunstige høve for å gå turar frå Haukeliseter både sommar og vinter, med eit omfattande nettverk av hytter og ruter mot Hardangervidda, Ryfylke og Setesdalsheiane. På Haukeliseter blir det òg arrangert kurs i mellom anna kiting og hundespannkøyring.

Kjelder endre

«Haukeliseter fjellstue» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

59°49′25.5″N 7°11′38.3″E / 59.823750°N 7.193972°E / 59.823750; 7.193972