Opna hovudmenyen

Haus kyrkje

kyrkje i Osterøy kommune

Koordinatar: 60°27′13″N 5°29′36″E

Haus kyrkje
kyrkje
Haus kirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Åsane
Sokn Haus
Fellesråd Osterøy
Arkitekt Ole Vangberg[1]
Material Tre
Innvigd 19. mai 1874[1]
 - Endringar 1939 og 1975
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 460[2]
Wikimedia Commons: Haus kirke

Haus kyrkje står på Haus i Osterøy kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1874. Kyrkja er teikna av Ole Vangberg, medan Askild Aase og Mikjel Svenheim var byggmeistrar.

Haus kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Haus kyrkje
Altar og altartavle

Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen. Haus-kyrkja er nemnd i Bergen kalvskinn frå kring 1350.[1] Dette var truleg ei stavkyrkje som vart avløyst av ei lafta kyrkje i 1613. Denne andre kyrkja hadde truleg liknande utforming som Hamre kyrkje, og stod til etter at den noverande kyrkja var ferdig.

Haus kyrkje er soknekyrkje i Haus sokn i Åsane prosti. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Osterøy prestegjeld.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Norges Kirker: «Haus kirke»». Henta 9. april 2014.  På nettstaden til NIKU og KA
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Haus kyrkje», s. 368

BakgrunnsstoffEndra