Hauske skipreide
Hauske (Hausken) skipreide var ei av skipreidene i Ryfylke.[1]
Geografisk område etter gammal inndeling:
- Sørbø sokn
- Hauske sokn (unnateke Brimse)
- ein liten del av Talgje sokn (Hanasand og Austbø)
Geografisk område etter noverande inndeling:
- Mosterøy sokn i tidlegare Rennesøy kommune
- ein del av Talgje i tidlegare Finnøy kommune (garden Østabø)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Hauske skipreide vart nemnd Hauske tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: 1841 vart Rennesøy tinglag oppretta og erstatta storparten av Hauske og Askje skipreider.[2]