Askje skipreide
Askje (Ask, Askø) skipreide var den sørvestlegaste av skipreidene i Ryfylke.[1]
Geografisk område etter gammal inndeling:
- Kvitsøy sokn
- Askje sokn
- Utstein kloster sokn
- ein liten del av Hauske sokn (Brimse)
- ein liten del av Hetland sokn (Austre Åmøy)
- ein liten del av Strand sokn (Hidle)
Geografisk område etter noverande inndeling:
- Kvitsøy kommune
- søre delen av tidlegare Rennesøy kommune (Mosterøy sokn og Brimse)
- ein liten del av Stavanger kommune (Austre Åmøy)
- ein liten del av Strand kommune (Hidle)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Askje skipreide vart nemnd Askje tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: 1841 vart Rennesøy tinglag oppretta og erstatta storparten av Askje og Hauske skipreider.[2]