Hauso skule er ein barne- og ungdomsskule som ligg på Hauso i Ullensvang herad i Hordaland.

Hauso skule og Kinsarvik skule er dei einaste ungdomsskulane i Ullensvang. Difor samlar ungdomsskuledelen av Hauso skule opp elevar frå heile vestsida av Ullensvang, frå grensa til Jondal kommune til grensa til Odda kommune. Likeeins samlar Kinsarvik skule opp alle ungdomsskuleelevane frå austsida av Ullensvang.

Barneskulen får derimot berre elevar frå området som har Grimo og Utne til postadresse. Barneskulen er tredelt og har eit velutstyrt datarom der det vert arrangert datakurs for nybyrjarar.

Rektor ved skulen er Rannveig Linnebo Alvsåker.

Dei næraste vidaregåande skulane for dei uteksaminerte tiandeklassingane frå Hauso skule ligg i Odda, på Voss og i Kvam.

Bakgrunnsstoff endre