Haustjamdøgn

(Omdirigert frå Haustjamndøgn)

Haustjamdøgn eller haustjamdøger er saman med vårjamdøgn dei døgna då natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter haustjamdøgn vert dagane kortare og nettene lengre på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert byrjinga på hausten.

Korleis sollyset treffer jorda på haustjamdøgn (og vårjamdøgn).

Haustjamdøgn fell ein dag frå 22. til 24. september, alt etter kvar ein er. I regelen er det 23. september, men på ein tidlegare dato mot vest og seinare mot aust.

Markeringar endre

Det er vanleg å halda haustfestar rundt denne tida, til dømes hausttakkefest. Ifølgje den gamle norske primstaven fall mattismesse om hausten på 21. september. I wicca feirar ein mabon rundt haustjamdøgn.

I den franske revolusjonskalenderen, i bruk frå 1793 til 1805, var haustjamdøgn nyttårsdagen. Dette fordi den første franske republikken vart erklært 21. september 1702, og den nye kalenderen med eit nytt år vart rekna for å ha byrja dagen etter.

I austleg asiatisk tradisjon innleier haustjamdøgn ein av 24 delar på lunisolarkalenderen. Denne delen er kjend som qiufen (kinesisk), chubun (koreansk), shubun (japansk) og thu phân (vietnamesisk), som tyder 'haustjamdøgn' eller 'senter'. I Japan er dagen ein offisiell høgtidsdag (秋分の日, shūbun no hi) der ein vitjar familiegravstader og held familieselskap.

Kjelder endre