Natt
Natt er den delen av døgnet då det er mørkt. Astronomisk kan det definerast som den tida sola er under horisonten på ein viss stad. Netter vil likevel som regel vera kortare enn dagar fordi sollyset blir brote i atmosfæren når sola er like nedanfor horisonten.
Lengda på natta varierer etter årstida og kva breiddegrad ein er på. Jo nærare ein stad er til ein av polane, jo større er lengdevariasjonen. På Nord- og Sørpolen opplever ein polarnetter, netter som varer nær eitt halvår.
Mørke netter let ein kan sjå månelys, stjernehimmelen og polarlys, og er derfor ei viktig tid for astronomar.
Natteliv
endreI mesteparten av menneska si historie har natta vore ei tid for søvn og kvile, fordi det er vanskelig å arbeide i mørket. Med utviklinga av kunstig lys er natta blitt teken mykje meir i bruk til arbeid og underhalding.
Det finst derimot mange nattdyr som er aktive om natta. Dei har tilpassa seg denne særskilde tida ved å utvikla store, lysfangande auge eller andre sansar, som høyrsel eller luktesans.
Natt i kulturen
endreDen mørke natta er blitt sett på som farleg i stort sett alle kulturar. Ho var fylt av vonde makter, som skrømt og demonar. Med rikeleg tilgang på kunstig lys er folk blitt mindre redde, men mange frykter likevel framleis natta og det ho står for, anten det er overnaturlege farar, som vampyrar, eller andre menneske som kan vera ugjerningsmenn.
Religion
endreSnorre fortel at natta blei personifisert i den norrøne gudetrua som gudinna Nótt. Ho var dotter til jotna Narfe og mor til Auð, Jord og Dagr. På same måte som gudane Sol og Måne rei Nótt over himmelen og ned i underverda. Hesten hennar heitte Hrymfaxe.
Natta hadde òg si eiga gudinne i vedisk hinduisme, i form av Ratri, som tyder natt på sanskrit.
Litteratur
endreDet arabiske verket Tusen og éi natt byggjer på at kvar natt blir brukt til eventyrforteljing.