Havstein kyrkje

kyrkje i Trondheim

63°24′17.939″N 10°22′15.089″E / 63.40498306°N 10.37085806°E / 63.40498306; 10.37085806

Havstein kyrkje
kyrkje
Havstein kyrkje frå nordaust
Foto: Kjersti Lie
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Byåsen
Sokn Sverresborg
Fellesråd Trondheim
Arkitekt Heinrich Ernst Schirmer og Wilhelm von Hanno (1857),
Gustav S. Olsen (1900)
Teknikk Mur
Material Stein (vesttårn av tre)
Innvigd 30. november 1857
 - Endringar 1900
Kyrkjegard Ja
Altar Kross på altaret
Sitjeplassar 200
Diverse Glasmåleri (1968) av Carsten Lien i fondveggen
Kart
Havstein kyrkje
63°24′18″N 10°22′15″E / 63.4049°N 10.3709°E / 63.4049; 10.3709
Wikimedia Commons: Havstein kirke

Havstein kyrkje er ei langkyrkje frå 1857 på Havstein i Trondheim. Kyrkja vart teikna av Heinrich Ernst Schirmer og Wilhelm von Hanno[1] og innvigd 30. november 1857. I 1900 fekk kyrkja eit vesttårn i tre teikna av Gustav S. Olsen og oppført av byggmeister Erik Selnes. Kyrkja har 200 sitjeplassar.

Dette var den første kjende kyrkja på Byåsen. Kyrkja ligg i ei grøn lunge omgiven av åkrar tilhøyrande Havstein-gardane og av Havstein kyrkjegard. Kyrkja er hovudkyrkje i Sverresborg sokn, men i 2014 vart Sverresborg kyrkjesenter, ei arbeidskyrkje om lag ein kilometer unna, innvigd til bruk som kvardagskyrkje og kyrkjelydsenter.

Fotnotar endre

  1. Norsk kunstnerleksikon om Schirmer. Von Hanno er rett nok ikkje nemnd i jubileumsboka om kyrkja.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre