Opna hovudmenyen
Nidarosdomen

Nidaros bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Biskopen har sete i Trondheim, med Nidarosdomen som domkyrkje.

HistorieEndra

Det første bispesetet i Nidaros vart truleg oppretta på Olav Kyrre si tid. I 1152/53 vart Nidaros erkestift og kyrkjeleg senter for det vest-nordiske riket. 10 bispesete låg under Nidaros: Bjørgvin, Stavanger, Hamar og Oslo i Noreg. Dessutan: Isle of Man, Orknøyane, Færøyane, Grønland, Skåholt på Island og Holar på Island. For informasjon om setet til erkebiskopen, sjå Nidaros erkebispedøme.

Ved reformasjonen i 1537 opphøyrde det store erkestiftet og maktgrunnlaget vart overtatt av kongen i København. Den katolske erkebiskopen flykta frå landet, og først i 1546 var den første lutherske biskopen på plass i Nidaros.

Seinare har bispedømmet blitt mindre: I 1622 vart Sunnmøre overført til Bjørgvin stift og i 1803 vart Nord-Noreg skilt ut frå Nidaros som eit eige bispedømme. I 1982 vart Møre bispedømme skilt ut. Nidaros avstod da Nord-Møre og Romsdal til det nye bispedømmet. No omfattar Nidaros bispedømme Trøndelag fylke.

Biskopar i Nidaros etter reformasjonenEndra

ProstiEndra

FellesrådEndra