Hays Mountains
Hays Mountains er ei stor fjellgruppe og utgjer fleire fjelltoppar i Dronning Maudfjella i Antarktis, som ragar over skiljet mellom dei lågare delane av Amundsenbreen og Scottbreen og som strekkjer seg frå området nær Mount Thorne i nordvest til Mount Dietz i søraust. Dei vart oppdaga av kontreadmiral Richard E. Byrd på flyturen hans til Sørpolen den 28. og 29. november 1929, og kartlagde av geolog-grupper under Byrd-ekspedisjonen i 1929 og 1934. Dei vart namngjevne av Byrd etter Will H. Hays, tidlegare direktør i Motion Picture Producers and Distributors of America.[1]
Hays Mountains | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dronning Maudfjella | ||
Topp | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 86°S 155°W / 86°S 155°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hays Mountains 86°S 155°W / 86°S 155°W | |||
Mount Astor, eit kjent fjell i gruppa, vart namngjeve av Byrd etter Vincent Astor, frå Astor-familien, for dei filantropiske bidraga hans til ekspedisjonen i 1929.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Hays Mountains». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012.
- ↑ «Mount Astor». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 26. juli 2010.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hays Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).