Med hjartet på rette staden
(Omdirigert frå Heartbeat)
Med hjartet på rette staden (originaltittel: Heartbeat) er ein britisk fjernsynsserie som byrja å gå i 1992 og endå går på fjernsynskanalen ITV. Serien føregår på 1960-talet og er sentrert rundt livet på ein liten politistasjon, ein pub og ein bilverkstad/eit gravferdsbyrå i Aidensfield, ein fiktiv versjon av landsbyen Goathland i North Yorkshire, der serien for det meste vert filma. Musikk frå 60-talet er eit vesentleg innslag i serien, både i handlinga og som lydspor.
| |||
Type | fjernsynsserie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Drama | ||
Opphavsland | Storbritannia | ||
Produksjonsland | Storbritannia | ||
Introduksjonsår | 1992 | ||
Sesongar | 18 | ||
Episodar | 372 | ||
Lengd | 45-51 minutt | ||
Språk | Engelsk | ||
Skapar | Johnny Byrne Keith Richardson Gerry Mill | ||
Produsent |
| ||
Produksjonsleiar | Keith Richardson (369 episodar, 1992-2009) Kathleen Swedles (12 episodar, 2008) | ||
Medverkande |
| ||
Periode | 10. april 1992– 12. september 2010 | ||
Kanal | ITV | ||
Biletformat |
| ||
Lydformat | Stereo |
Bøkene i Constable-serien av Nicholas Rhea var utgangspunkt for serien. Serien vert send i Noreg på NRK1 som laurdagsunderhaldning. Han er teksta på nynorsk.